Mastens lyder, kaster loss. Kartet er ikkje berre teknologiens kjølige blikk over villnis, fjellbratter og havbotnar. Kartet er også eit middel for tankeflukt og draum. *

I utstillinga Mastens lyder, kaster loss, ved Haugesund Billedgalleri, får me blant anna gjere oss kjende med den engelske seglbåten, English Lass, som vert knytta til historia til ein ung eventyrar frå Haugesund. Ulike fraksjonar av ei historie, ei skisse over levd liv og framtidsplanar vert presentert for oss. Til liks med villfarne oppdagarar frå tida då det stadig fanst ufullstendige kart, har kunstnaren manøvrert seg fram mot fleire serendiptiske moglegheiter.

Ein har ein plan og så kan alt skje. Serendipitet er det å oppdage noko tilfeldig, ei positiv overrasking når ein eigentleg skulle noko anna. Framsteg for heile menneskeheita har vore gjort på denne måten. Innvikla i historia til Skog er også eit gamalt sildesalteri på Torvastad i Storasund, ei lita hytte ved ein bekk, ei ballongferd som ikkje blei helt slik den skulle, ein urmakar i Buenos Aires og ei Orthoptera frå Malaysia.

Skog byggjer og særeigne instrument i eik og einer, og med sitt prosjekt Karen Skog Orkester har ho spelt konsertar i inn- og utland. Ho vil opptre med improviserte konsertar i utstillinga ved Haugesund Billedgalleri. Juvelen i orkesteret er thereminen, kjend som verdas fyrste elektroniske instrument, og eitt av svært få ein kan spele på utan å røre ved det.

Karen Skog (f.1982, Kristiansand) er ein biletkunstar som nyttar seg av både teikning, tekst, foto, sjølvbygde instrument, skulptur og funne materiale i sine komplekse installasjonar. Skog har si utdanning frå Kunst- og designhøgskolen i Bergen, University for Applied Arts Wien, og Nordland kunst- og filmskole.

* Utdrag frå Kjersti Rorgemoen sin tekst “Innlandstreet og det ville havet”, om Karen Skog sitt kunstnarskap, skriven for denne utstillinga.

Utstillinga vert kuratert av Randi Grov Berger og inngår i Vestlandsutstillingen 2018 (VU18), ei annleis utgåve av den tradisjonelle landsdelsutstillinga. VU18 består av seks separatutstillingar, og inkluderer visningsstadane Kunsthuset Kabuso, Sogn og Fjordane Kunstmuseum i samarbeid med Sunnfjord Kunstlag, Haugesund Billedgalleri i samarbeid med Haugesund Kunstforening, Jugendstilsenteret og KUBE, Entrée og Kunsthall Stavanger. VU18 presenterer kunstnarane Ragnhild Aamås, Magnhild Øen Nordahl, Trudi Jaeger, Eivind Egeland, Karen Skog og kunstnarduoen Blomgren & Skuladottir, som samla utgjer ein breidde i det som skjer på den vestlandske kunstscena.

Vestlandsutstillinga vert støtta av fylkeskommunane i Rogaland, Hordaland, Møre og Romsdal, og Sogn og Fjordane.

Pressekontakt:

Haugesund Kunstforening: Grethe Lunde Øvrebø, tlf. 52 74 41 80/90 88 16 65grethe.lunde.ovrebo@haugesund.kommune.no

Leave a Comment