Oppdag cyanotypi, ein av dei eldste og vakraste fotografiske teknikkane, saman med fotograf Malene Økland.
Teknikken blei utvikla på midten av 1800-talet i det viktorianske England, og skaper dei karakteristiske, djupt blå bileta ved hjelp av jernsalt og sol- eller UV-lys.
På kurset får du prøve den originale metoden og skape dine eigne cyanotypiar. Du treng ingen forkunnskapar.
Ta gjerne med små ting du har lyst til å eksperimentere med, som blomar, kvistar, fjører, gjennomsiktige stoff, bobleplast, smykke eller andre små gjenstandar. Kunstforeininga stiller med resten av utstyret og alt materiell.
Pris: 700 kroner. Du må vere medlem i kunstforeininga for å delta. Det er avgrensa tal på plassar.
Påmelding på e-post til haugesund.kunstforening@outlook.com. Påmeldinga er bindande.