Torsdag 7.mai får me multiinstrumentalist Henrik Økland på besøk i Musikk i suppa.
Henrik er sangar, låtskrivar og produsent, i tilegg til at han trakterer mange instrumenter.
Han har bakgrunnen sin frå jazzstudier ved Universitetet i Bergen, og frå Universitetet i Agder der han studerte elektronisk musikk. Henrik har vokse opp i ein svært musikalsk familie.
Henrik har gitt ut fleire låtar som har fått internasjonal merksemd.
Han har deltatt på fleire jazzfestivalar, blant anna London Jazzfestival i lag med far sin, Nils Økland.
Han har turnert landet rundt med både eigen og andres musikk.
Henrik har også skrevet et arrangement for strykekvartett for BBC Radio 3.
I 2021 fekk han det prestisjefylte Drømmestipendet. Han har og fått Sondre Dales minnepris, og blei kåra til årets Trafotalent i 2017.
Kom og bli betre kjend med Henrik som speler ulike sjangrar musikk for oss.
I samtale med Mona Elin Motsfeldt Aarø får me høyre Henrik snakke om sitt musikkunivers, korleis det er å være multiinstrumentalist, om valg og begrensningar, om skaparglede, inspirasjon og lydrom.
Me serverer suppe frå Lothes mat og vinhus i forkant av presentasjonen av Henrik.
Inngang kr. 100,- pr. person for medlemmer i kunstforeningen. 150 kr pr.person for andre (inklusiv suppe og kunstnerpresentasjon).
Betal på Vipps til Haugesund kunstforening: Vipps #501296
Arr. Haugesund kunstforening
Arrangementet er støtta av Rogaland fylkeskommunes regionale fond for kultur.