Tilbake til alle arrangementer

Utstilling: Filmfestivalutstillingen 2026 - Mattias Härenstam


Tresnitt 2026

Härenstam har i fleire tiår hatt ein svært omfattande kunstnarisk verksemd med mange utstillingar og offentlege kunstprosjekt i inn- og utland. Til utstillinga i Haugesund viser han ein stor skulpturinstallasjon i brent tre og fargetresnitt.

Til utstillingsprosjektet har Mattias Härenstam tatt utgangspunkt i eit maleri han opplevde som 16-åring, då han hadde helgejobb som utstillingsvakt på Norrköpings Konstmuseum i Sverige. Maleriet «Ingens hunder» av Steffan Hallstrøm, frå slutten av 1950-talet, gjorde eit sterkt inntrykk på han – Eit ekspressivt maleri i tidas ånd med svarte og dyreliknande former på ein intens gul bakgrunn.

Skulpturgruppa som skal visast i sal 1 har noko av det same ved seg: ein gruppe med store menneske- og dyreskikkelsar i brent tre, iblanda andre materiale. Rundt dei svarte figurane står lysboksar som badar heile rommet i eit intenst gult lys. Formane på skulpturane oppstår i kontakt med materialet – trestokkanes eigen form er like mykje skaparar som kunstnaren sjølv. I sal 2 viser Härenstam ein serie fargetresnitt med motiver frå eld og eksplosjonar.

Mattias Härenstam (født 1971 i Gøteborg) er utdanna ved Kunsthøgskulen i Bergen og Städelschule i Frankfurt am Main. Han bur og arbeidar i Oslo, med skulptur, tresnitt og film/video. Härenstam har hatt ein omfattande kunstnarisk verksemd med mange utstillingar og offentlege kunstprosjekt i inn- og utland. Hans arbeider er innkjøpt av bla. Nasjonalmuseet, KODE, Stavanger Kunstmuseum, Nordnorsk Kunstmuseum, Haugalandmuseet, med fleire.

Dei seinare åra har han også utført fleire prosjekter med kunst i offentlege rom, som på Naturhistorisk Museum i Bergen, Langøyene ved Oslo, Pilgrimsleden ved Hamar, Lademoparken i Trondheim, Baneparken ved Vollebekk i Oslo, med fleire.

Filmfestivalutstillinga blir til gjennom eit samarbeid mellom Haugesund Kunstforeining og Den norske filmfestivalen, men Haugesund billedgalleri som vertsarena. Me gleder oss til utstillingsopning og håpar å sjå dykk der.

Utstillinga opnar søndag 23. august og varer til 20. september 2026.

Forrige
Forrige
7. mai

Musikk i suppa - Henrik Økland

Neste
Neste
2. oktober

Utstilling: Høstsalongen 2026